3069777903347845
top of page

18. september

SINIKKA LANGELAND
OG KNUT HAMRE

«Det blå landet» er ein konsert med dikt av Hans Børli og Olav H Hauge og med ny musikk av Sinikka Langeland og Knut Hamre. I musikken har dei lete seg inspirere av korleis folkemusikken i Hardanger og på Finnskogen er ein del av bakteppet for diktinga. Lengselen til det hinsidige har kanskje i eldre tider skapt huldremusikk og møte med det usynlege, ein lengsel mot det blå landet, som Hauge kallar det i eit dikt. Dette heilt nye samarbeidet mellom Langeland og Hamre er spenstig både når det gjeld arrangementa med element frå to ulike tradisjonar og samklangen av to så spesielle instrument som kantele og hardingfele. Songen bær visdomen i dikta til to av Norges mest folkekjære poetar.

Sinikka Langeland var berre 17 år då ho sette tone til eit dikt av Hans Børli fyrste gong. I 1985 sette ho tone til " Langt innpå skoga" ogso namn på hennar debutplate i 1994. Ho er og ein av dei som har ført Børli sine dikt ut i verda med si innspeling "Starflowers" på ECM Records og hennar turnear i Europa, Japan, Irland, India og Usa. I 2011 kom plata "The Land That Is Not" med musikk til dikt av Olav H Hauge og Edith Södergran. Konserten "Det blå landet" er Sinikka Langeland og Knut Hamre sitt fyrste samarbeid.

Knut Hamre møtte Olav H Hauge fyrste gong i tolvårsalderen då Olav las eigne dikt på konsert i Granvin. Seinare tok Knut til å vitja Olav i heimen hans på Rossvoll i Ulvik. Dette vart ein kontakt som vara så lenge Olav levde. Saman med forfattaren sjølv, Bodil Cappelen, Hildegun Riise, Liv Osa og Ola Bø har Knut arbeid med Olav si dikting, dikt og dagboktekstar, eit arbeid som har enda opp med konsertar, turnear og seminarer frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør ! «Det blå landet» er fyrste samarbeidet til Sinikka Langeland og Knut Hamre.

SINIKKA LANGELAND 
OG KNUT HAMRE

Ordinær: 300 kr (+gebyr)
Student/honnør: 250 kr (+gebyr)
Dørene åpner 18:00, konserten starter 19:30.

Josefine Visescene
Josefines gate 16
0351 Oslo

gina%20JOSEFINE%20text_edited.png
bottom of page