Josefines Gate 16
0351 Oslo

JOHANNA SEIM OG SJUR NYVOLD
19.OKTOBER

Johanna Seim - vokal, hardingfele
Sjur Nyvold - vokal, gitar, piano, fele
Marianna Sangita - perkusjon
Sjå for deg å sitte på Bergensbanen, kanskje på Finse stasjon. Det er snødekte isbrear, små fjellvatn og bjørkeskog utanfor glaset. Toget susar vidare nedover Hallingdal og mot hovudstaden.
Johanna Seim og Sjur Nyvold kunne vore soundtracket til Bergensbanens storslåtte rute, der naturen susar forbi og ein får ein pause der ein berre kan lytte og føle. Like fullt høyrer dei heime i eit dunkelt belyst barlokale, til morgonkaffien eller når ein treng eit pusterom om det stormar i livet. Med det beste frå folkemusikken og visa har dei laga eit knippe sterke låtar som formidlar personlege og nære historiar me alle kan kjenne oss igjen i.
Frå Berlin dro Johanna Seim til knøttlille Rauland for å lære seg å spele norsk folkemusikk. Det tok ikkje lang tid før ho falt pladask for hardingfela og den vesle plassen, og slik gjekk det til at ho blei på Rauland i tre år. Der møtte ho Sjur Nyvold, og det siste året har dei vore tilbake i Rauland og spelt inn sitt debutalbum.
Det handlar om å søke seg til det små for å nå det store. Både i livet og i musikken. Med tekstar på tysk, engelsk og norsk skildrar dei to store og små kjensler, og formidlar ein forfriskande nysgjerrigheit på livets gåter.
Deira debutalbum “Temporary Pleasure” er nedpå og nært, akkompagnert av hardingfeler, melodiøst gitarkomp og deilige pianoakkordar. På plata har dei med seg stjernetrommis Martin Langlie (Valkyrien Allstars), som har lagt inn nokre velvalgte rytmer så det hamrar litt ekstra i sjela. Frøkedal- og Valkyrien Allstars-produsent Bård Ingebrigtsen har produsert og miksa plata, og no er den endeleg klar for å visast fram!
«Temporary Pleasure» av Johanna Seim & Sjur Nyvold gis ut på Olivias Rekorder i starten av 2023.
Dørene åpner 18:00, konserten starter 19:30

